Folkeaksjonen: Hev Kvikksølvet i U-864 ved Fedje!
Brev til fiskeri –og kystminister Helga Pedersen


Fiskeri –og kystminister Helga Pedersen

Postboks 8118 Dep,
0032 oslo                                                                                        Fedje 03.12.08


 

Vi ønskjer å bu ved kysten og kunne hausta av eit reint hav –og vi ønskjer at borna våre skal kunne gjere det samme! Vi krev derfor at kvikksølvet vert teke opp av havet.

 

Ei tildekking av kvikksølvet vil alltid liggja der som ein verkebyll. Det vil alltid vere angst og uro knytta til eit slikt giftdeponi.

Allereie i dag er folk her på Fedje redde for å ete fisk som er fiska ved ubåten. Denne utryggheten vil alltid vere der viss ikkje giften vert fjerna. Med dei store mengdene som ligg på havbotnen er det ikkje berre fedjingane som har grunn til bekymring. Dette gjeld heile nordsjøbassenget.

 

Det skapast store verdiar langs kysten. Kystbefolkningen er opptekne av at vi må sikra desse verdiane. Noreg som fiskerinasjon har ikkje råd til å få eit dårleg omdømme. Vi har tidlegare sett kva rykte har å seie for handelen med Noreg, jmf Russland sine angrep på norsk laks for ei tid tilbake.

For nokre veker sidan vart det fiska hestemakrell for titals millionar rett utanfor Fedje. Denne fisken er eksportvare til Japan. Kva skjer når japanerane stoppar import av fisk frå Noreg? Fisk er trass alt den andre største eksportnæringa i Noreg.

 

Noreg kan ikkje, verken som fiskerinasjon eller miljønasjon, ha på seg at kvikksølvproblemet ikkje vert løyst ein gong for alle og på ein 100 prosent truverdig måte. Folk som bur og virkar ved kysten, turistane våre og dei som kjøper norsk sjømat har krav på å vite at havet er reint og at norske styresmakter handlar resolutt når situasjonen krev det.

 

No har vi sjansen til å gjere noko med dette problemet. Hevingskontrakten er klar. Dersom vi dekkjer til alt kvikksølvet no, vil det vere umogleg for dei kommande generasjonar å bli kvitt problemet. Vi kan ikkje skyve saka under teppet og la dei kommande generasjoner sitja igjen med alt kvikksølvet. Vi må vise ansvar!

 

Vis ansvar! Skyv ikkje problemet fram til kommande generasjonar. Vis mot og gå for einaste ansvarlege løysing –heving! Heving er ei investering for framtida.

 

Med helsing aksjonsgruppa Hev U-864

 

 

 

 

Marie Karlsen                         Lisbeth Stuberg                       Reidun Moldøen

 

 

Attende til start
Folkeaksjonen