Folkeaksjonen: Hev Kvikksølvet i U-864 ved Fedje!
Støttemeldingar:



Resolusjon vedtatt av Senterpartiets landsmøte på Lillehammer 18. mars.

Miljøpartiet Sp vil heve ubåtvraket ved Fedje

Landsmøtet i Senterpartiet deler den frykt og uro innbyggjarane langs kysten har for ei tildekking av ubåten ved Fedje. Vert kvikksølvet fjerna vil risikoen for all framtid vera borte, medan det med ei tildekking heile tida vil vera ein risiko for moglege utslepp av kvikksølv.

Landsmøtet i Senterpartiet oppmodar Regjeringa og fiskeriministeren til å gjennomgå saka på nytt. Ulike aktørar har dokumentert at teknologien er på plass for å kunna heva ubåten utan at kvikksølvet lek ut, og ekspertar meiner denne teknologien er meir tilfredsstillande.

Landsmøtet i Senterpartiet meiner at alle sider i denne viktige miljøsaka må belysast. Senterpartiet kan ikkje gå på akkord med mattryggleiken i havet.

 

Årsmøtet i Fedje Arbeiderparti, 18. januar 2007

U-864 og kvikksølvet

Ubåtvraket U-864 med 70 tonn kvikksølv representerer alvorleg fare for miljøet.

Det er med sterk uro Fedje Arbeiderparti ser at Kystdirektoratet rår til å dekka til kvikksølvet på havbotnen i staden for å ta det opp.

Det er vanskeleg å skjøna at vi med den avanserte undervassteknologien og dei store økonomiske ressursane Noreg har, ikkje skal kunne ta opp og fjerna kvikksølvgifta frå havet. Av rapporten om saka går det fram at ein av verdas fremste ekspertar på hevingsarbeid slår fast at vraket og innhaldet kan fjernast innanfor akseptable grenser for risiko.

Kystverket viser til om lag 30 døme på tildekking av kvikksølvforurensa havbotn i løpet av dei siste 20 åra – og peikar på at det ikkje er teikn på at tiltaka har svikta. Fedje Arbeiderparti kan ikkje akseptera at røynsler som er gjort over så kort tid vert brukt som eit argument for eit tiltak som må vara evig. Det verkar og særs underleg at konsekvensane av moglege jordskjelv i området ikkje er er utgreidde. Dette er særleg vanskeleg å skjøna når Kystdirektoratet slår fast at havbotnen der vraket av U-864 ligg, er svært ustabil.

Fedje Arbeiderparti vil understreka at Regjeringa i si vurdering av saka ikkje berre må ta med dei reint tekniske risikomomenta. Ei tildekking vil innebera tvil og uro for at tiltaket ikkje vil tåla tidens tann. Det ligg i saka at tvilen ikkje vert mindre med åra. Metoden som vert vald må og vera slik at det internasjonale samfunnet har ein absolutt tillit til at det held mål. Berre eit snev av tvil vil kunne få store konsekvensar for Noreg som fiskerinasjon og eksportør av sjømat.

Vi som bur i dette området vil ikkje ha denne nagande tvilen. Vi ønskjer at barna våre og i framtida skal kunne bu trygt ved sjøen og hausta av eit reint hav.

Fedje Arbeiderparti vil med dette be om at Regjeringa gjer alt som gjerast kan for å fjerna kvikksølvet frå havbotnen ein gong for alle.

Kvikksølvet må bort frå havbotnen - raskt, og for alltid!

 

 

Pressemelding:

Vedteke på fylkesårsmøtet, Lindås 18. februar 2007 

Hordaland SV mener at ubåten som ligger ved Fedje må heves.

Vi må ta kystbefolkningen og fiskerinærings bekymringer på alvor.

Kyst og Fiskeridepartementet må ta et ansvar for å få løst dette miljøproblemet snarest mulig. 

 

 

vh
Tore Svendsen

Støttemelding frå Frivannsliv:

Fra: Børje Møster [mailto:[email protected]]
Sendt: lø 17.02.2007 02:35
Emne: U864

Støtt Naturvernforbundet i kampen om å heve U-864 !

Naturvernforbundet med sin faglige ekspertise anser det som mer uforsvarlig å dekke til ubåtvraket utenfor Fedje, enn å heve det. Selv om det nylig har vært et stortingsvedtak om å dekke til vraket, er det ikke umulig å omgjøre dette vedtaket dersom folket gjør opprør!

Grunnlaget for avgjørelsen om tildekking har vært gjort på et alt for tynt grunnlag, med bare vurdering av en hevingsmetode.

Å feie skiten under teppet, er direkte uforsvarlig med tanke på de 65 tonn med kvikksølv som blir liggende som en miljømessig bombe for fremtiden.

Hva vet vi om fremtidige jordskjelv, meteornedslag, utrasing av havbunn osv.?

Naturkatastrofer har også rammet Norskekysten tidligere, og det er naivt å tro at vi lever i en stabil verden.

Mange miljøforkjempere vil stå på barrikaden om å endre stortingsvedtaket.

Norsk Naturvernforbund er en tungvekter i miljødebatten, men trenger mer støtte fra folket. Les mer om saken i naturvern.no, og meld deg inn som medlem til kampanjepris (kr.200,-  eller kr.100,- for studenter/pensjonister) dersom du støtter disse synspunktene.

Hilsen Børje, www.frivannsliv.no

 

 

Pressemelding:

Uttale frå årsmøtet i Vestnorsk Havbrukslag                                 Bergen, 16.02.2007 

Vestnorsk Havbrukslag hadde årsmøte i Bergen den 15.februar 2007 der fylgjande resolusjon vart vedteken:

Vestnorsk Havbrukslag ber om at styresmaktene på nytt vurderer om det er mogeleg å hevaubåtvraket ved Fedje. Dei store mengdene kvikksølv vil i framtida kunne utgjera ein direkte fare for kystmiljøet på heile Vestlandet. I tillegg vil tildekking kunna svekka Norge sin autoritet i andre alvorlege miljøspørsmål som til dømes atomureininga frå Sellafield.

Årsmøtet ser også med uro på den aukande skipstrafikken langs kysten, og den skade som kan ramma kystmiljøet. "Server"- forliset har synt at eit havari kan føra til stor skade sjølv i tilfelle der havaristen er utan oljelast.

Vestnorsk Havbrukslag krev at styresmaktene utfører ein omfattande risikoanalyse for skipstrafikken langs heile kysten. Som strakstiltak må farleia flyttast lengre ut frå kysten for å redusera risikoen for grunnstøyting og havari.

For nærare opplysningar kontakt

Styreleiar Ola Braanaas, tlf 57782146/ 91565507

Dagleg leiar Hans Inge Algrøy, tlf 55554860/ 97701406

Attende til start
Copyright©2007 Folkeaksjonen