Folkeaksjonen: Hev Kvikksølvet i U-864 ved Fedje!

  Debatt :

 






 

 

U-864, Dag Terje Andersens "skitne bombe"

Eit debattinnlegg av Kjell Arve Vorland

I BT 16.02 skriv konstituert fiskeri og kystminister Dag Terje Andersen ein kronikk, der han grunngjev si avgjerd om tildekking av U-864.

Hans grunngjeving er tufta på kystdirektoratets rapport og anbefaling med grunnlag i underrapportar frå Norsk Institutt for vannforskning (NIVA), Det Norske Veritas Consulting (DNV), SMIT Salvage (SS), Forsvaret ved minedykkerkommandoen (MDK) med fleire.

I denne kronikken set ministeren fram fleire påstandar som ein ikkje finn grunnlag for i underrapportane.

I kronikken hevdar ministeren mellom anna:

"At tildekking sikrer at kvikksølvet isoleres fra de marine omgivelser og forurensingsfaren elimineres." og …vil jeg si at vi har høstet mange gode erfaringer med tildekking av kvikksølv på bunnen…"

Når det gjeld omgrepet tildekking er det viktig å skilje mellom tildekking av vrak og tildekking av forureina sediment. I høve til erfaringar med tildekking av vrak finn ein i rapporten frå NIVA nr 5278/2006 side 8 at " Det eksisterer lite erfaringsgrunnlag knyttet til tiltak for å hindre forurensing fra skipsvrak." Rapporten viser at det berre er gjennomført eit tiltak som ein har nytta som erfaringsgrunnlag. Vidare på side 15 og 16 ser ein at tiltaka for tildekking av forureina sediment har korte tidsperspektiv i høve til erfaringsgrunnlag. Dei geologiske, erosjons- og straummessige tilhøva til desse skil seg sterkt ut ifrå tilhøva ved Fedje. Vidare på side 32 heiter det "…Det eksisterer ingen referanseprosjekter som gjelder tildekking av sterkt kvikksølvforurensede sediment på 150 meters dyp"

I DNV sin rapport nr. 2006-1964 side 7 heiter det at det er "… overhengende fare for utglidninger i tiltaksområdet…" Ei tildekking har såleis mange usikkerhetsmoment.

Trass alt dette hevdar ministeren at "… forurensingsfaren elimineres."

"At tildekking ikke er et irreversibelt eller statisk tiltak"

Ministeren prøver å fremja tildekking som reversibelt og ikkje permanent tiltak.

Skulle det vise seg at tiltaket med tildekking skulle slå feil kunne ein gjere det om.

I høve til Kysdirektoratets sluttrapport side 3 står det " Tildekking er ansett å være et permanent miljøtiltak."

"Målet for kystverket har vært å finne den beste løsningen for miljøet, både på kort og lang sikt." og "Miljørisikoen på lang sikt vil være relativ lav uavhengig av hvilket tiltak som velges."

I høve til tidshorisonten for tiltaket kjem det klart fram av DNV sin rapport 2006-1964 side 9 tabell nr. 8, at det einaste tiltaket som på lang sikt har lav miljø risiko er heving. Ei tildekking har derimot høg miljø risiko på lang sikt. Ministerens påstand om at den valgte løysinga er den beste både på kort og lang sikt er såleis direkte feil. Dette går og imot hans påstand om at miljørisikoen på lang sikt vil være lav, uavhengig av kva tiltak som vert valgt.

"At fagmiljøene påpeker at en heving er en komplisert operasjon som innebærer stor fare for spredning av kvikksølvforurensing til helt nye områder.

SS har som den einaste greia ut alternativet med heving. Kvifor alternativet med heving ikkje har vore grundigare greia ut med fleire, kan det stillast spørjeteikn ved.

SS si risikoanalyse konkluderar med at ei heving av begge skrogdelar, og øvrige vrakdelar kan utførast innan akseptable risikogrenser, også når det gjeld handtering av kvikksølv. SS har mellom anna erfaring frå hevinga av den tyske ubåten U-534 som også vart senka i kamp under den andre verdskrigen, og har såleis mange likheitstrekk med U-864. Geoconsult har gjennom undersøkjingar konkludert med at begge skrogdelane av ubåten er i god stand, og at dei tåler å hevast. Ministeren nyttar argumentet om at ammunisjonen ombord representarar stor fare ved heving. MDK seier i sin rapport at "… MDK har god erfaring mtp fjerning av denne type ammunisjon, og tilintetgjøring av denne ansees ikke som noe stor utfordring." Det kan såleis ikkje argumenterast for at ei heving vil vera meir forureinande, enn ved påføring av dekkmassar på eit areal av 30 000 til 40 000 kvadrat meter av havbotnen. Det vert stilt store krav til presisjon ved dette arbeidet og faren for grunnutglidningar er stor. Risikoen for spreiing av forureina sediment ved dette arbeidet er svært stor då ein i tillegg må dekka til sjølve vrakdelane.

Med bakgrunn i ministerens framstilling av fakta i kronikken er det uråd å ha tillit til ministeren, og hans avgjerd i denne saka.

Vidare er det tilhøve ved U-864 som ikkje er grundig nok utreda, eller teke omsyn til.

U-864 var ein spesialkonstruert lasteubåt og var del av ubåt flotilje 33 Monsun Gruppe.

Denne flotiljen hadde mellom anna som oppgåve å frakta ulikt materiell og dokumentasjon til Tysklands allierte i Østen og Japan. Fleire av flotilje 33 sine ubåtar gjennomførte heilt eller delvis slike reiser.

U- 861 gjennomførte ei reise frå Kiel via Norge til Penang, og attende til Trondheim. Undervegs torpederte den fire skip. U-234 reiste same rute, men undervegs kapitulerte Tyskland og den valgte å overgje seg til amerikanarane. Ombord var mellom anna 560 kilo Uran 235. Historikarar hevdar at det i arkiv ved the US Smithstonian Museum er dokumentasjon på at U-864 var systerskipet til U-234, og at dei hadde tilsvarande last.

Ei "Skitten bombe" er ein sprenglekam med konvensjonelt sprengstoff og radioaktivt materiale.

U-864 var utstyrt med 20 mm luftvern kanon, 105 mm kanon og 12,7 mm maskingevær. I tillegg hadde den ein teknisk lastekapasitet på 22 torpedoar. Jamfør U-861 må ein anta at også U-864 var lasta med torpedoar. MDK legg til grunn eit minimum av 6 torpedoar ombord. Desse mest truleg i torpedorøyra som er 2 i akterskip og 4 i forskip. MDK gjev fylgande tekniske informasjon "…Det er estimert lagret 6*300 kg TNT= 1800 kg TNT om bord," og vidare "…Det vil i tillegg være lagret ca 6stk*600liter*200bar= 720 000 liter luft, på 140m dyp vil dette utgjøre et volum på 720 000 liter/ 15 bar= 48 000 liter.

I høve til spregningsfaren ved tildekking skriv MDK "…Tæringen på torpedoene vil fortsette, hvilken effekt dette har på eksplosivene er noe uviss, men vi har pr dags dato ikke erfart at torpedoer har detonert uten en ytre påvirkning." (forfattars utheving).

Om U-864 hadde full torpedolast, er mengda TNT 6,6 tonn og 264 000 liter komprimert luft.

Orginale lastelister til U-864 er til dags dato ikkje kjent. Einaste indikasjon på lasteinnhald er henta frå britiske etterretningsdokumenter. Ein kan difor ikkje vera trygg på at U-864 ikkje inneheldt ei viss mengde Uran 235.

Det er gjort kjent at U-864 førte 66.8 tonn kvikksølv I 1857 flasker. Kor stor del av dette som vart øydelagt ved senkinga er ukjent. Ein reknar med at mesteparten framleis er intakt i den trykkfaste kjølen av vraket.

U-864 ligg ustabilt på rasfarleg grunn. Geografisk er området også til tider råka av jordskjelv.

Ei tildekking med påføring av massar vil i dette farvatnet operasjonelt sett og over tid medføra risiko for grunnutglidningar og fare for ukontrollbare hendingar med og på vraket.

Ubåtdelane vil med dette bli påført belastningar som kan føra til implosjonsfare og skadar på skrog. Dette kan igjen føra til hendingar som kan påverka våpenlasta og medføra ein detonasjon av ei større mengd eksplosiver, som vil spreia store mengder kvikksølv og muligens også Uran ut igjennom overdekning og ut i havet.

Dette tiltaket er det konstituert fiskeri og kystminister Dag Terje Pedersen kallar best for miljøet.

Heving av U-864 er risikofylt men det einaste tiltaket som permanent vil eliminera dette miljøtrugsmålet. Denne risikoen er ministeren nødt til å ta.

Merksemda denne saka har fått i presse og media både innanlands og i utlandet er enorm.

Å ikkje eliminera dette miljørtrugsmålet permanent vil ha uoverskuelige konsekvensar for Norge som nasjon, for næringsliv og sist men ikkje minst liv og helse for folk i generasjonar.

Kjelder:

www.kystverket.no

www.nuav.net

www.uboat.net

http://www.klammi.de/html/u864.html

http://www.ubootwaffe.net/

http://www.uboatarchive.net/U-234.htm

-------------------------------------------------------------------------------

TILLEGG:

I Høve til min forrige mail gløymde eg å nemna fylgande:

I spørjetimen:
http://www.stortinget.no/spti/dw-o2004021109-017.html

Vart det svart:
Statsråd Torild Skogsholm : Norske myndigheter mottok i høst opplysninger fra ubåthistorisk miljø i Tyskland om at ubåten U-864 hadde ca 70 tonn metallisk kvikksølv samt mindre mengder thallium og uranoksid om bord da den ble senket i 1945.

Norske myndigheter kjenner med dette til at U-864 inneheld også Thallium og Uranoksid.
Kvifor er ikkje det set søkjelys på dette i arbeidet rundt U-864 ?

Helsing
Kjell Arve Vorland




 

 
 


Attende til start 
Folkeaksjonen