Folkeaksjonen: Hev Kvikksølvet i U-864 ved Fedje!
Opprop til Statsministeren


Kjære statsminister Jens Stoltenberg !

U-864 – Kvikksølvet må bort frå havet !  

Vi som bur på Fedje har med stor uro merka oss at Kystdirektoratet vil løysa kvikksølvproblemet ved å dekka til vraket og havbotnen omkring.

Etter vår meining er det ikkje ei løysing, i beste fall berre ei utsetjing av skadeverknadene frå kvikksølvet. Ei tildekking fjernar ikkje kvikksølvet, heller ikkje den uvissa som vil vera knytt til saka i generasjonar framover.

Det undrar oss mykje at Kystdirektoratet mellom anna kan basera sin konklusjon på at om lag 30 tildekkingsprosjekt dei siste 20 åra ikkje har vist indikasjon på at tiltaka har vore mislykka.
Kva slags garanti gir dette for framtida ? Og kva vil Kystdirektoratet seia om det i løpet av dei neste åra dukkar opp nettopp slike indikasjonar ?

Vi ønskjer å bu ved kysten og kunne hausta av eit reint hav – og vi ønskjer at borna våre skal kunne gjera det samme ! Vi krev derfor at kvikksølvgifta vert fjerna – og fjerna raskt ! Og vi forventar at regjeringa vår slår dette fast klårt og tydeleg.

Noreg rår over verdas fremste undervassteknologi, vi flyttar stadig nye teknologiske grenser – og så skulle vi ikkje vera i stand til å fjerna ubåtvraket og kvikksølvlasta ? Ein av verdas fremste spesialistar på heving av vrak (SMIT Salvage) slår til overmål eintydig fast at jobben kan gjerast innanfor ein akseptabel risiko.

Noreg kan ikkje, verken som fiskerinasjon eller miljønasjon, ha på seg seg at kvikksølvproblemet ikkje vert løyst ein gong for alle og på ein 100 prosent truverdig måte. Folk som bur og virkar ved kysten, turistane våre og dei som kjøper norsk sjømat har krav på å vita at havet er reint og at norske styresmakter handlar resolutt når situasjonen krev det.

Gode statsminister, vi er her i dag for å få retta ein sterk appell til deg og di regjering – og i trua på at det nyttar:
Kvikksølvlasta frå U-864 må bort frå havet – no !

Folkeaksjonen på Fedje

Attende til start
Folkeaksjonen