Folkeaksjonen: Hev Kvikksølvet i U-864 ved Fedje!

 Moment til åpen høring i Stortingets transport- og kommunikasjonskomité

tirsdag 6. mars 2007




 


 

 

Moment til høyring om U-864

Vår drivkraft er å sikra at kvikksølvgifta vert handtert slik at vi er sikre på reint hav, rein sjømat, eit godt rykte som reiselivs- og fiskerinasjon - og ei trygg framtid for borna våre. Den sterkaste garantien for det er å fjerna alt som kan fjernast av gifta !

Ei tildekkingsløysing vil for alltid ha med seg uvisse, uro og rykte.

Vi stiller spørsmål ved kvifor ikkje internasjonale kompetansemiljø i sterkare grad er trekt inn i arbeidet med saka.

Kommandørkaptein og ubåtmann Hans Chr. Kjelstrup står fram i Bergens Tidende 27. februar i år og hevdar at midtseksjonen av ubåten, med tonnevis av kvikksølv, ikkje er funnen ! Det gjer ikkje kystbefolkninga rolegare!

65 tusen kilo kvikksølv er ei enorm mengd med giftig tungmetall. Til samanlikning: Det årlege "naturlege" utsleppet av kvikksølv til Nordsjøbassenget er i overkant av 100 kilo. Det burde sei litt om dimensjonen.

Fleire kraftige jordskjelv på Vestlandet i den seinare tid gjer det aktuelt å vurdera kva slags verknader slike skjelv kan få for eit tildekka giftdeponi på havbotnen. Vi har lagt merke til at styresmaktene hevdar at dette er vurdert, men vi har ikkje vore i stand til å finna dette i rapportane.

Fungerande fiskeri- og kystminister peiker sjølv i ein avisartikkel på at det ikkje let seg bevise at ei tildekking vil halda til "evig tid". Han seier og at tiltaket ikkje er irreversibelt eller statisk (det kan med andre ord gjerast opp att). Om heving og fjerning er så vanskeleg i dag at det vert vurdert som uaktuelt, er det vanskeleg å skjøna at det skal kunne gjerast seinare, når ubåten først er dekt av stein og grus. Er vraket og kvikksølvflaskene så skjøre i dag at ein ikkje vil røra på dei, så er det ekstra vanskeleg å sjå for seg at ein ein gang i tida først skal fjerna tusenvis av tonn med stein og grus – og handtera kvikksølv og vrak på ein tryggare måte enn ein maktar det i dag – og det attpåtil i eit ustabilt område.

Norsk undervassteknologi er i verdsklasse. Mykje av det som er gjort – og ofte på svært store havdjup - i utviklinga av norsk petroleumsindustri, er gjort i grenselandet mot det umoglege. Det gjer det ekstra vanskeleg å skjøna at kvikksølvet ikkje skulle kunne hevast og fjernast.

Det er og vanskeleg å skjøna at ei heving av kvikksølvet og vraket må innebera eit risikabelt, undersjøisk slep (på over 7 nautiske mil) av vraket. Vi undrar sterkt på kvifor ikkje vraket og kvikksølvet eksempelvis kan takast opp på lekter på staden.

Fiskeridepartementet forsikrar om at det tildekka kvikksølvet skal overvakast nøye. Vi kan ikkje sjå at det i særleg grad har vore gjort greie for korleis og i kva omfang det skal skje.

Under våre samtalar med fiskeri- og kystdepartementet har det vore hevda at kostnadane har vore av underordna betydning. For Norge som fiskerinasjon vil det vere ei fallitterklæring dersom tildekkinga vert sett i verk før nasjonen sin undervassteknologiske ekspertise har fått sjansen til å presentere alternative hevingsmåter.

Merksemda denne saka har fått i presse og media både innanlands og i utlandet er enorm. Å ikkje fjerne kvikksølvet vil ha uoverskuelege konsekvensar for Norge som nasjon, for næringsliv og sist men ikkje minst liv og helse for folk i generasjonar.

Vi ber om at Regjeringa tek ein "tenkjepause" og går aktivt ut og søkjer etter mogleg alternativ kompetanse og metodar for å fjerne kvikksølvet.

I denne saka er det ikkje berre snakk om metodar og teknikk, men i like stor grad om kva slags truverde den valde løysinga har !

 

Aksjonskomiteen Hev-U864




 

 
 


Attende til start 
Folkeaksjonen